Jordmor på jorda Quotes
Jordmor på jorda: Huset under blåhammaren
by
Edvard Hoem458 ratings, 4.27 average rating, 29 reviews
Jordmor på jorda Quotes
Showing 1-2 of 2
“Det var som om ho ikkje kunne for det eller visste kva det kom av: Ho byrja å grine. Ho var ute av stand til å hindre det, og den unge rorskaren dei hadde med seg, lest som om han ikkje såg det, han vende seg, som om han ikkje var sikker på kvar leia var. – Marta Kristine, sa Hans, – kva er det du græt for? – Eg veit ikkje kva det er! sa ho. – Kanskje du kan forklare det? – Det er kjenslene dine som drar av garde med deg, sa Hans. – Men no skal alt bli bra! Men om han verkeleg trudde det, var ho ikkje sikker på. Det var som om han var blitt meir gåtefull enn før. Var det skjedd noko, med han eller barna, som han enno ikkje hadde fortalt henne?”
― Jordmor på jorda: Huset under blåhammaren
― Jordmor på jorda: Huset under blåhammaren
“No var vinden mykje sterkare enn han hadde rekna med. Dei fauk av garde. Dottera lo ein høg, trillande latter da vinden fylte seglet. Mora ropte til faren: – Har du tenkt å drukne oss no? – Hald deg fast, kjerring, sa faren. – Det vi reiser til, er mykje betre enn det vi reiser frå.”
― Jordmor på jorda: Huset under blåhammaren
― Jordmor på jorda: Huset under blåhammaren
