Liv andre har levd Quotes

Rate this book
Clear rating
Liv andre har levd Liv andre har levd by Edvard Hoem
320 ratings, 3.92 average rating, 22 reviews
Liv andre har levd Quotes Showing 1-8 of 8
“Men om sommaren gløder gylne aks der Eilert ein gong sådde, der lyser alfalfa og kløver, der vinglar sommarfuglane i den dampen av dogg og våt mold som ligg over åkrane når sola skin.”
Edvard Hoem, Liv andre har levd
“I friminuttet var det ein eldre gut som brått gav han ein dytt i magen med albogen, og så fekk han høyre det han fram til da ikkje visste noko om: – Du må ikkje tru at du er så mykje betre enn andre, du som har ei syster som er tyskarunge! Resten av dagen låg som i ei tåke, og det gjorde også vandringa heim til garden der foreldra var i ferd med å plukke poteter.”
Edvard Hoem, Liv andre har levd
“I friminuttet var det ein eldre gut som brått gav han ein dytt i magen med albogen, og så fekk han høyre det han fram til da ikkje visste noko om: – Du må ikkje tru at du er så mykje betre enn andre, du som har ei syster som er tyskarunge!”
Edvard Hoem, Liv andre har levd
“Men det første som skjedde, var at den tilkomande svigerdottera, som Beret Anna hadde kalla Krestine med trykk på den første stavinga, helst ville bli kalla Kristiine! med trykk på andre staving, og det sa ho frå om, rett nok på ein vennleg og førekomande måte. Dei prøvde å innrette seg, men det var ikkje lett, og enda meir forundra var dei da Kristiine, som dei sa til kvarandre, gjekk i gang med å grønsåpevaske alle rom i den delen av huset som skulle bli hennar og Knuts heim.”
Edvard Hoem, Liv andre har levd
“Og så held han på der borte, i fire og fem timar, den store mannen, som sett frå huset blir ein liten figur i det fjerne, mot austhimmelen. Han sår ei vending og nok ei vending og enda ei vending med såmaskinen.”
Edvard Hoem, Liv andre har levd
“Han hadde likt seg best i byar, slik var det i ungdommen. Han kunne ha levd eit anna liv! Han kunne ha valt eit anna levebrød. Han sa til seg sjølv: – Eg kunne ha valt eit liv andre har levd.”
Edvard Hoem, Liv andre har levd
“Dei sa at dei ikkje hadde hatt noka aning om at toget skulle koma over brua, og at dei ikkje kunne rygge. Togføraren rygga da toget tilbake, og dei kom seg over til den andre sida. Deretter kom han ut og gav dei to i bilen ei innføring i all den uttrykksvariasjonen som finst i det engelske språket. Dei måtte berre finne seg i det.”
Edvard Hoem, Liv andre har levd
“Eilert brumma når han såg lektyren Lars valde, han kunne ikkje forstå at det var mykje sjeleføde i desse røvarromanane. Men han innsåg at Lars lærte språket fortare når han las noko han interesserte seg for.”
Edvard Hoem, Liv andre har levd