Land ingen har sett Quotes

Rate this book
Clear rating
Land ingen har sett Land ingen har sett by Edvard Hoem
389 ratings, 4.19 average rating, 16 reviews
Land ingen har sett Quotes Showing 1-8 of 8
“Byen og landskapet omkring forsvann i ein dis. Den store mannen på dekket tok av seg borsalinohatten og stod og gret medan skipsklokka ringte og dampskipet Moldefjord la til kai.”
Edvard Hoem, Land ingen har sett
“– Det er noko eg må bekjenne for deg, sa han. – Så alt blir rett. – Eg veit ikkje om eg vil høyre det, sa Beret Anna. – Du må høyre, elles får eg ikkje fred. – Kom med det, sa ho. – Eg tok imot ein kyss frå Serianna, sa han, – da eg var ute i øyane. – Var det derfor ho kom hit? – Nei, det var fordi du trong hjelp. – Eg var ikkje bra nok for deg! ropte ho. Og så skreik ho så det gjekk gjennom marg og bein. Om morgonen spurde Anna: – Kven har klora deg opp i ansiktet, far? – Det var katten, sa Anton Edvard”
Edvard Hoem, Land ingen har sett
“Det var stille i baksetet på Eilerts T-Ford, der fem barn sov sin lykkelege søvn under eit stort teppe i augustnatta. I framsetet sat Martha med Gordon sovande i fanget, medan lyktene på Eilerts bil viste veg gjennom sommarnatta forbi bølgjande åkrar og mørke sjøar, på vegen heim til Donalda.”
Edvard Hoem, Land ingen har sett
“Mange av dei norske familiane var ikkje nøgde før Stavig-brørne hadde greidd å skaffe lutefisk frå Kildals Lutefisk i Minneapolis.”
Edvard Hoem, Land ingen har sett
“I Fiksdals butikk gjekk Annie Lane omkring, utan å ana at ho gjorde menn oppspilte, så dei tok med seg lukta av eksotiske matvarer heim til konene og kjærastane sine, og sat der og drøymde syndig om den yndige Annie, medan dei snakka om luktene frå kolonialvarene i Fiksdals general store. Dei fekk sauestiren og sat og striglante på sine eigne kvinner. Så drog dei kvinnfolka opp frå stolane med påskot om at dei ville danse med dei, svinga dei rundt på golvet og heiv dei opp i lufta, til kvinnene spurde kva oppstyret skulle vera godt for, og mennene ropte: – Og det spør du om! Og så bar det inn i halmsengene, og det spela inga rolle at dei berre hadde mjølsekker som laken og dynetrekk, for der fór karane laus på kvinnene sine på alle tenkelege vis, for her var det så langt mellom farmhusa at ingen kunne høyre dei, i alle fall trudde dei det. Og slik gjekk det til at da det nye Roslyn var under oppbygging våren 1915, var det snart ikkje ei ung kvinne å sjå som ikkje hadde fått kul på magen, og da hausten kom, bar dei englebarna til Grenville Lutheran Church, der dei auste vatn på skrikande krapyl som kom til verda for å bygge det nye Amerika.”
Edvard Hoem, Land ingen har sett
“Kva var det for ein forferdeleg tanke, var alt arbeid dei hadde lagt ned her, fåfengt? Tida ville vise det, meir kunne ein ikkje seia. Kva framtida har i famnen, veit vi sjeldan. Det meste blir annleis enn vi har tenkt. Men er det ikkje nettopp det som er det eineståande ved livet, vi anar ikkje kvar det endar, eller kva som skal skje med oss?”
Edvard Hoem, Land ingen har sett
“Tannlegen gav etter. Folk måtte til sjuande og sist få bestemme over sin eigen kjeft.”
Edvard Hoem, Land ingen har sett
“PÅ KVAR SI side av den umåtelege Atlanteren budde dei, Eilert og Anton Edvard.”
Edvard Hoem, Land ingen har sett