Bror din på prærien Quotes
Bror din på prærien
by
Edvard Hoem570 ratings, 4.16 average rating, 27 reviews
Bror din på prærien Quotes
Showing 1-18 of 18
“Eilert hadde vore sju år på Alberta-prærien og var komen nesten halvvegs på si livsreise, da han såg seg tilbake for første gong.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“Slik går Nesje i eigne tankar, så han nesten blir nedkøyrd av eitt av buda frå Grand Hotel som kjem fykande på ein cykel. Korleis skal det bli i denne gata, der det må vera plass både til cyklar og premieoksar og automobilar og dødelege menneske, det kan ikkje Nesje forstå.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“og ingen såg ut til å ta seg nær av at brura og brudgommen braut opp for å bli køyrde til det såkalla bryllaupshotellet, som ikkje var noko anna enn eit lite privathus som stod tomt, men som var innretta med godt isolerte vegger for at dei nygifte som hadde sansen for slikt, kunne fara på kvarandre på alle tenkelege vis.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“Slik var også Eilert lykkeleg for at bryllaupet kom i stand i hast, for før den sak var ordna, ville ikkje Martha Lyseng sleppe han til. Ho lo når han nærma seg og fjerna handa hans vennleg når han tok etter dei yndigaste delane hennar.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“På omnen gjorde Eilert i stand maten som han kjøpte råvarene til i sentrum av Eidswold. Det var gjerne sideflesk av gris, som ein her kalla bacon på same måten som i USA, eller ertemjølsbacon fordi ein rulla baconstykka i ertemjøl.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“Eilert baka sitt første brød i Canada grytidleg på morgonen den 17. oktober 1904. Same dag gifte syster hans seg i Røbekk kyrkje.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“Han ville lesa nokre vers frå Bibelen likevel, og derfor brukte han metoden som han hadde lært av lekpredikantane den tida han gjekk på oppbyggelse i Sættem-huset i Molde: Han slo opp på måfå i bibelen sin og hamna i Galatarbrevet. Der lét han tommelfingeren fara over linjene og hamna i kapittel 5.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“Eilert meinte at ein den gongen drakk vin fordi ein ikkje hadde anna drikke for handa, men at patriarkane i den gamle pakt og apostlane i den nye pakt rusa seg, trudde han ikkje, når ein såg bort ifrå den slasken Noah, som drakk seg full da han kom ut av arka, for ikkje å snakke om Lot, som vart skjenkt full av døtrene sine, og til slutt låg med dei.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“Han var kvalm og sveitt og søvnlaus, og sa sidan at han ikkje var i tvil om at Gud kalla på han. Ved femtida ropte han: – Så får du ta imot meg, Gud, dersom eg er verdig til det.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“Den 12. januar 1899 skulle Gjertine fylle førti år. Slik ein ordla seg i den tida, og i alle fall slik ho sjølv såg det, var ho i ferd med å bli ei gammal kone.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“– Kva tid kjem du igjen? spurde Gjertine. Nei, det visste han ikkje. – Det hastar heller ikkje, sa Gjertine. Det provoserte han, for alltid før hadde ho mast og mast om at han måtte koma. – Kva skal det bety at det ikkje hastar? sa han. – At du er ein tulling! sa Gjertine. Men Olava sende han eit bleikt smil og sa at ho ikkje var sint på han.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“Dei nye hønene gjekk kaklande rundt i hønsegarden, med bein og fjør (som oftast berre bein og ingen fjør, og veldig aristokratiske), og med eitt auge mot kjøkkendøra og slikt som kunne bli kasta ut derifrå, og det andre auget mot maistrauet. Alle av dei åt like så mykje som ein galte, og dei verka alltid svoltne.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“– Ein brå og grufull død? – Dei tok livet av seg når dei kjende at deira tid var ute, sa Johnson. – Da gjekk dei ut i blizzarden og fraus i hel, eller dei drap seg ved å dette ned frå låvetaket. Men først utretta dei ærendet sitt her på jorda, sa Johnson, – og så kom dei til himmelen. – Himmelen? – Kva slags himmel er det du tenker deg, sa Johnson, – skal vi kanskje ikkje ha egg når vi kjem dit? – Jo, men.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“Dei stod ute under stjernehimmelen, som spraka av nordlys. I slike stunder var prærien den vakraste staden på denne jord.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“– Også prestane er menneske, dei er syndige menneske som alle andre, men det er ein ting dei må meistre, dersom dei skal ha tillit, sa Gjertine. – Og kva er det? sa Eilert, enda han skjønte godt kva ho sikta til. – Du må ikkje klå på kvinnfolk og ikkje stikke veslekaren inn i dei, sa Gjertine, – ikkje før du er gift.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“– Og så er det ikkje berre på grunn av folket her i Roslyn at eg spør deg, sa ho. – Eg tenker også på foreldra dine, på syster mi og Nesje i Rekneslia. For ei trøyst det ville bli om dei fekk oppleva at du ein gong vart prest! Ja, eg håpar verkeleg at du vil ta imot kallet, når tida er inne til det, sa Gjertine.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“Eilert var ung og uklok og gløymde at han burde setta tann for tunge.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
“På toget frå Quebec kom ein liten mann springande gjennom kupeen, og da han passerte, fekk Eilert ein kraftig dytt. Det skjedde liksom i vanvare, men Eilert var ikkje i tvil. Mannen stakk handa lynraskt inn på innerlomma hans. Eilert greip rundt handleddet hans og vreid rundt. Mannen skreik i smerte og forsvann enda fortare enn han var komen. Fleire andre reisande som ikkje sov, var vitne til opptrinnet, og Eilert fekk skryt fordi han var så rask til å reagere. Det enda med at han måtte passe lommebøkene til medpassasjerane, medan dei unnte seg ein blund.”
― Bror din på prærien
― Bror din på prærien
