Slåttekar i himmelen Quotes

Rate this book
Clear rating
Slåttekar i himmelen Slåttekar i himmelen by Edvard Hoem
1,003 ratings, 4.20 average rating, 78 reviews
Slåttekar i himmelen Quotes Showing 1-21 of 21
“Gjertine lærte, under overfarten til Amerika, det som ho ikkje hadde forstått, eller ikkje brydd seg om å forstå medan ho enno var i gamlelandet: At den fryd som ikkje får anna mæle enn stille sukk, kan vera like stor som den som kunngjer seg sjølv med høge rop og gledesskrik for all verda.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“SLÅTTEKAREN HEITTE Knut Hansen Nesje, men folk kalla han berre for Nesje, og jorda han hadde bygsla i lia over småbyen Molde, kalla dei Nesje-stykket. Nesje var min oldefar, og mykje vart fortalt om han i min barndom, av bestefar min, Edvard Hoem, og av far min, Knut.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“– Dei kallar meg Nesje, sa han. – Da får eg òg kalle deg Nesje, sa ho.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Den spinkle mannen, han hadde så kvit hud at ein aldri skulle tru han nokon gong hadde smakt sol, og dei kunne ikkje la vera å legge merke til det, reiskapen hans, gut, dei snakka om det, han hadde høvdingreiskap, han Gørvell, det var nok ikkje usant at han var av ei høvdingslekt i Finland.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Da snudde han Gørvell, dei såg at han snudde, og med kraftige tak nærma han seg, men da han steig opp på land og tørka seg med eit stort handkle, såg dei at stellet hans hadde skrumpa til nesten ingen ting.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Den eine etter den andre reiste seg og stod ved kista for å seia farvel. Så køyrde dei kista med hest og vogn til kyrkjegarden, og det vart ringt over Botolv, men det kom ikkje nokon prest og jordfeste han: Det fekk vente til det var fleire enn Botolv som trong til tre spadar jord. Da var grava for lengst kasta igjen, av dei frå bygda som følgde.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“– Nei, eg har det best når eg bur der eg faktisk bur. Og så må eg lesa i forklaringa. Presten seier at eg kan altfor lite. Han meinte eg måtte ta meg saman, eg som er uægte.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Han rekna ikkje med å koma heim det første året, sa Serianna, han måtte arbeide før han fortente å få fri.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Ola fekk garden med lut og lunnar, kyrne Hjertros, Fløtros, Lykkenkomme, Sommerros, Drivlin, Buskjenne, samt ei kvige som bar namnet Advent.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Svogeren frå Rekneslia vart tiltala med vennlege ord, og da kvelden var liden, vanka det ein dram. Til og med Gjertine unte Nesje den drammen. Han trong å styrke seg før han reiste.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Stemninga mellom førsteslåaren og Adam Gørvell, for ikkje å snakke om stemninga mellom Nesje og den nye forpaktaren, var ikkje slik som ho var i Claus Gørvells tid. Men enno skulle Nesje bli på Gørvell-garden i fem og tjue år.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Sara, som sjølv var ung, født som ho var i 1850, hadde høyrt eitt og anna om bror til Ane, men så ram var han vel ikkje at han fór på Gjertine midt i middagsleitet?”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Eit pianoforte var plassert på den opne altanen, og eit orkester med festlege uniformer stod oppstilt, det inneheldt både blåsarar og strykarar.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Sjølv var Nesje ingen høgremann. Han hadde ikkje stemmerett, og Høgre var imot at slike som han skulle få stemmerett, men han var redd fritenkeriet, og det måtte dessverre seiast at Norges største diktar, Bjørnstjerne Bjørnson, no var komen fritenkeriet farleg nær.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Ho la seg saman med han i sommarkvelden, så han kunne fryde seg over at ho framleis var ung og levande og kunne by han all sin kvinnelege herlegdom.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Ola gjekk etter systrene ut, og så gav han seg til å følgje dei det første stykket, enda Sara kom ut på trappa og ropte etter han og ville ha greie på kvar han hadde tenkt seg. – Til sommarfjøset! sa Ola, han skulle berre hente eit reip. – Reip har du nok av her heime! sa Sara. Men dette var det finaste, ropte Ola, så dette reipet ville han henge seg i.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Så tok han skjegget også, glattraka seg, men da begynte Sivert å storskrike, for han hadde ikkje sett far sin med glatt hake på mange år, og det tok lang tid å trøyste han.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Men Ingeborg, den gamle bestemora, gjekk omkring og grynta. – Du knepper vel ikkje kjolen igjen i den heilage juletida heller du! sa ho til Gjertine. – Nei, da må eg ha meir luft enn nokon gong, sa Gjertine. – Luft får ein inn gjennom nase og munn, ikkje gjennom pattane! sa gamle Ingeborg.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“For av alle dei pilegrimsvegar som Vårherre har lagt til rette for oss, er vegen over slåtteteigen den vakraste. Ein går med ljåen til ein møter gjerdet mot grannen, så går ein tilbake og byrjar på ein ny skår.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Det var tjue minusgrader. Det hadde snødd natta i førevegen. Snøfnugga var i lette drift, lette som fjører, og solskinet på Buffalo Lake vart til ein gyllen refleks. Så steig temperaturen med tjue grader berre på nokre timar, så ein fekk ei kjensle av at våren var på veg.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Så da morgonen var komen og Serianna slo auga opp, sa han til henne: – I natt har eg drøymt at eg skal vera slåttekar i himmelen også, sa han, – og da er det ingen fare for at han Eilert ikkje skal kjenne meg igjen.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen