Heimlandet Barndom Quotes

Rate this book
Clear rating
Heimlandet Barndom Heimlandet Barndom by Edvard Hoem
42 ratings, 3.71 average rating, 3 reviews
Heimlandet Barndom Quotes Showing 1-9 of 9
“Så stod han der og bakte og kokte poteter og vart ein flink elev i husstell, enda han ikkje kunne fatte og begripe kva han skulle lære kvit saus for.”
Edvard Hoem, Heimlandet Barndom
“Hoem skulle alltid ligge der, og på ein måte vera hans, sjølv om han ikkje ville bu der. Det skulle vera hans heimland, eit heimland han hadde hatt i sin barndom, ja eit heimland som var Barndom, for han.”
Edvard Hoem, Heimlandet Barndom
“Han står ved senga hennar og fortel kva songar dei song og kva ho Inga spurde han om. Han står og snakkar i hop ein lang skuledag, og oppdagar at det er like lett å dikte i hop som å fortelja det som verkeleg har hendt.”
Edvard Hoem, Heimlandet Barndom
“På kjøkkenet herja fem-seks kjerringar som no meir og meir heitte damer, og koppeklirret blanda seg med songen.”
Edvard Hoem, Heimlandet Barndom
“Kvart hus er til sitt bruk! Kva seier du om vi tok kyrne inn i stova? ( – Nei, nei.) Det er slik dei vil stelle det, dei som vil ha samfunnshus! ( – Å!) Nei, kvart hus til sitt bruk, og eit bedehus er til å beda i, det ligg i sjølve ordet.”
Edvard Hoem, Heimlandet Barndom
“Ja, Bakke-huset strålar som eit eventyrslott, og dei skriv brev til pappa som er i Bodø og sender det med Johan Postmann neste dag. «Kjære pappa! Vi stod på vegen, og det var lys overalt!»”
Edvard Hoem, Heimlandet Barndom
“Men da dei atter retta ryggen, stod lyslinjene der som eit faktum. Det tjuande hundreåret med alle sine tekniske under var endeleg kome til Karviland.”
Edvard Hoem, Heimlandet Barndom
“Og karvilendingane brukte karve på fisk, karve på brød, og togg karve i staden for tobakk. For det fekk dei namnet sitt, sidan karvi er dialektvarianten av ordet karve. Dei levde og døydde i ein stank av karve, heilt til det kom ein prest i Agerøen som bar namnet Dick, og han fekk dei til å vakne.”
Edvard Hoem, Heimlandet Barndom
“Eg trudde dei fleste var på Eidsvoll og laga grunnlov da, men foreldra til Lars var no heime. Dei kjende ikkje att den skjeggete kjempa som kom om kvelden og bad om hus. Dei bad han gå til grannegarden og be om nattely der, for dei hadde det så trongt, sa dei. Men han Lars gjekk rett opp på loftet og sovna med eit brak. Om morgonen kom faren opp og såg på risen som låg der og snorka, og vekte han med desse ord: – Du er no vel aldri son min, han Lars? Og så vart det stor gjensynsglede. Dei slakta gjøkalven, som skrive står, og baud inn til gjestebod.”
Edvard Hoem, Heimlandet Barndom