Mors og fars historie Quotes
Mors og fars historie
by
Edvard Hoem532 ratings, 3.96 average rating, 46 reviews
Mors og fars historie Quotes
Showing 1-8 of 8
“Dei aller fleste situasjonane i boka er autentiske, men alt er fortalt med forfattarens stemme og slik han ser det for seg, ut frå det han har sett og drøymt.”
― Mors og fars historie
― Mors og fars historie
“Endeleg skulle det bli orden i livet hans. Det trudde han, fullt og fast. No var det verste over. Men det var ikkje slutt med det. Nei, det var slett ikkje slutt.”
― Mors og fars historie
― Mors og fars historie
“Og var det ikkje det ho sa, i den replikken som skulle ligge på meg i femti år? Far din var trufast, og det er like viktig som kjærleik.”
― Mors og fars historie
― Mors og fars historie
“Men korleis kan ein legge det frå seg, det som skulle få så veldige følgjer at det prega mange menneske i eit heilt liv og førte til at eit nytt menneske fekk liv? Det er ingen annan veg å gå enn å dikte dei fram, dei tyske soldatane i deira grøne uniformer, og dei norske jentene, og da er vi i denne vårkvelden, før det er blitt skikkeleg varmt, og da det framleis ligg snøskavlar igjen i alle portrom og skuggefulle hagar!”
― Mors og fars historie
― Mors og fars historie
“Og her er det da det utspelar seg ei historie som ingen lenger vil eller kan fortelja om. Men dersom fars historie skal henge saman, må det byggast ei bru over til det som sidan skjedde. For det som sidan skjedde, er uforståeleg utan det som hende no, og det som hende no, måtte bli slik fordi det hadde hendt ting før, ja lenge før, som ein ikkje kunne koma seg laus ifrå! Det er som om ein må forsere ei brusande elv, der vatnet og isen har tatt bruene, der det berre finst ein løypestreng med ei korg, som ein må våga å setta seg i for å koma over til den andre sida.”
― Mors og fars historie
― Mors og fars historie
“Hadde dei ikkje fått alt av mor og far? Jo, det hadde dei. Måtte dei ikkje vera takksame for at dei hadde mat og klede? Jo, det måtte dei. Men det var likevel eit menneske som hadde draumar om noko anna.”
― Mors og fars historie
― Mors og fars historie
“Av alle fabrikkar i verda, er det den store, usynlege draumefabrikken som produserer mest, for denne fabrikken når fram til alle vakne ungdomshjernar utan at det kostar eit øre i frakt.”
― Mors og fars historie
― Mors og fars historie
“Grauten var alltid hovudmaten, den skulle sikre at folk ikkje gjekk svoltne, verken til arbeidet eller til senga. Mjølsuppa kunne ein også gi ein ekstra smak med nokre sildebitar eller ein kjøtknoke, da vart det sildegryn, nesten for eit festmåltid å rekne. Det var trongt, men dei fleste hadde det verre.”
― Mors og fars historie
― Mors og fars historie
