Kristian A. Bjørkelo's Blog, page 5
October 12, 2014
Slik eg minnast krigen...
Måndags morgon. Hausten er her. Det er mørkt. Eg høyrer den nådelause tromminga av regn på vindauget. Og eg skal på kontoret.
Anatoly Fomenko - MelancholiaEr det rart at eg vert gripen av melankoli? Det kan sjølvsagt vere rester av søndagsmelankolien, det er eg open for, men eg tykkjer likevel at måndagsmelankolien har ein eigen smak. Ein eigen besk desperat angst, eit nyttelaust skrik mot den uomgjengelege arbeidsveka.
Melankoli er fetteren til nostalgi, for melankoli får oss til å tenkje på s...
Anatoly Fomenko - MelancholiaEr det rart at eg vert gripen av melankoli? Det kan sjølvsagt vere rester av søndagsmelankolien, det er eg open for, men eg tykkjer likevel at måndagsmelankolien har ein eigen smak. Ein eigen besk desperat angst, eit nyttelaust skrik mot den uomgjengelege arbeidsveka.Melankoli er fetteren til nostalgi, for melankoli får oss til å tenkje på s...
Published on October 12, 2014 21:54
September 29, 2014
Vassekte kannibalkost
Eg er gravid med ei bok. Det er difor eg er så rund. Heilt sant. Og denne boka får eg aldri høve til å føde, fordi eg må skrive alle andre bøker og artikler først, men den er der, og eg tenkjer på den. Heile tida. Gnir meg på magen og lager koselyder. Bok seier eg. Det skal bli bok. Ei skikkeleg kokebok. Det heile byrja med ei sunn interesse for kannibalisme og kannibalistisk kosthold. Men tida strekk berre ikkje til. I mellomtida får eg jo berre kose meg litt på kjøkkenet med eigne oppskrift...
Published on September 29, 2014 02:18
September 27, 2014
Skal det vere litt drops?
Ei gamal dame kom opp til meg på gata. Ho må ha vore nærare nytti, med krumbøygd nakke og eit tannlaust venlig smil. Det ramla møllkuler ut av jakkeermet på den den gamle loslitte kåpa då ho strakte fram armen for å presse ei eske inn i hendene mine. Det lukta som gamle visne fioler av henne, og ho hadde to tre pistrete hårstrå i andletet, som verhår på ein katt. Slikt er vanskeleg å seie nei til. Det er i grunn vanskeleg å seie nei til gamle damer, som knapt klarar å stå oppreist. Eg t...
Published on September 27, 2014 02:38
August 17, 2014
Må ha det, berre må ha det?
Eg kan ikkje noko for det, eg er tidvis litt for gira på tekniske duppeditter av ulikt slag. Eg likar å leike med dei, eg likar å teste dei ut, og eg skiftar dei gladeleg ut med nye meir fancye modeller. Eg er ikkje ein av dei som alltid må ha det nyaste av alt. eller det mest "fasjonable", det har korkje pengar eller interesse til. Eg berre likar dippeduttar. Eg er eilt normal slik.Eit resultat av dette er jo at eg har eit par PCar ståande her, inkludert ein gamer laptop, i tillegg så kjem j...
Published on August 17, 2014 13:21
Bæsj - nær og fjern.
Når du din bæsj? Kor nær likar du å vere din bæsj?
Ein av dei meir interessante konsepta innan antopologi og kulturforsking som ein stadig vender attende til, er ideen om det reine og det ureine, slik det i si tid var formulert av Mary Douglas i Purity and Danger. Det er ikkje mange teoriar i denne sjangaren som har hatt så lang levetid som denne klassiske teorien. Douglas demonstrerte korleis det ureine, det vi meiner er ekkelt og fælt, tabu og skittent, meir korrekt kan omtalast som "ting de...
Ein av dei meir interessante konsepta innan antopologi og kulturforsking som ein stadig vender attende til, er ideen om det reine og det ureine, slik det i si tid var formulert av Mary Douglas i Purity and Danger. Det er ikkje mange teoriar i denne sjangaren som har hatt så lang levetid som denne klassiske teorien. Douglas demonstrerte korleis det ureine, det vi meiner er ekkelt og fælt, tabu og skittent, meir korrekt kan omtalast som "ting de...
Published on August 17, 2014 12:30
July 27, 2014
Ferieplanar? Det er ikkje for seint!
Ferien er snart over, men det er ikkje for seint å reise vekk! Ein kan alltids plukke opp telefonen og ringe ein nær eller fjern ven, kanskje nokon du kjenner på nettet. Kanskje ein bloggar du har følgd lenge? Kanskje du føler det er ein spesiell kjemi mellom dykk? Det er jo isåfall berre å ringe henne eller han, og leggje fram planen.La meg demonstrere:
*ringelyd*
Hei Caroline, det er meg.
Hysj, hysj, hysj. Ikkje snakk, eg forstår.
Berre pakk sakene dine du, vi skal på tur.
Nei, nei, nei, ikkje t...
Published on July 27, 2014 08:54
July 21, 2014
Hello Kalifat
Sommaren er travel, vi jobbar hardt med å oppnå vår draum om å verte kalif istadenfor kalifen. Noko som alltid har vore vanskeleg, då det siste ottomanske kalifatet vart oppløyst i 1924 og den komande mahdien og hans endelege kalifat lar vente på seg. Så klart, ein har jo alltids kalifatet til Ahmadiyyasekta. Eg likar dei. Eg gjer jo det. Deira noverande kalif er den femte i rekkja som har tittelen Khalifatul Masih, etterkomaren av messias, og har hatt hovudsete i London etter at hans forgjen...
Published on July 21, 2014 15:52
June 24, 2014
Litt meir Batman
Eg vert jo eigentleg aldri lei av Batman, sjølv ikkje etter at George Clooney ramponerte karakteren. Sjølv ikkje etter at Batfleck vart annonsert. Du har fått det med deg, sant? Ben Affleck skal spele Batman i Superman vs. Batman, oppfølgjaren til The Man of Steel.
Ja, eg har lagt vaken og tenkt ein del på akkurat det. Heile greia. Superman og Batman-kombinasjonar er sjeldan bra. Eg må vere ærleg. Eg likar dei ikkje. Og Ben Affleck? Joda... han er brukandes til mykje rart. Og eg har ikkje noko...
Ja, eg har lagt vaken og tenkt ein del på akkurat det. Heile greia. Superman og Batman-kombinasjonar er sjeldan bra. Eg må vere ærleg. Eg likar dei ikkje. Og Ben Affleck? Joda... han er brukandes til mykje rart. Og eg har ikkje noko...
Published on June 24, 2014 10:57
June 7, 2014
Laurdagsvilldyret!
Medan vi venter på at eg får fingen ut og skriv litt meir om Batman eller noko, så tenkte eg skulle følgjande observasjon med dykk. Det er laurdagen. Dagen då villdyret vaknar for mange. Og medan mullaen sitt her og retter eksamensoppgåver, så er ein av hans beste vener og tidlegare bloggekollega, jbq, ute i skauen og jaktar på varulv. Og det er jo eit villdyr, er det ikkje?
Når laurdagsvilldyret vakner er det ikkje alltid like trygt å vere i nærleiken. Dette gjeld særleg unge jenter. Noko den...
Når laurdagsvilldyret vakner er det ikkje alltid like trygt å vere i nærleiken. Dette gjeld særleg unge jenter. Noko den...
Published on June 07, 2014 05:53
May 6, 2014
Litt Batman
Eg er så gamal at eg hugser når Batman heitte Lynvingen på norsk. Det er ikkje alle fornorskinger av engelske ord og namn som er vellukka, og Lynvingen er vel eit av dei meir katastrofale. For kva i all verda tyder eigentleg Lynvingen? Og kvifor er Lynvingen kledd ut som ein flaggermus? (Kvifor Bruce Wayne kler seg ut som ein flaggermus er eit anna spørsmål, men det overlet eg til kvalifiserte psykiatre).
Kva har gått gjennom skallen på den norske redaktøren som fann ut at flaggermus... joda,...
Published on May 06, 2014 02:33


