Waterworld møter Avatar møter Den lille havfruen?
Superspennande og kjempefin forteljing om Liva, som kan føle det dei rundt henne føler. Heldigvis har Liva farmor, som er den einaste som ikkje trur Liva er gal. Farmor er trygg og fin, og fortel eventyr om havfolket. Men ein dag forsvinn farmor og Liva må ut og leite etter henne. Spora etter farmor leiar Liva ned i havet, og snart oppdagar ho eventyra farmor fortalte er sanne. Dette er første bok i ein serie på fire bøker, og eg er klar for neste! 🧜🏻♀️