Erlend Skjetne (f. 1988) bur i Trondheim og arbeider med norskopplæring for flyktningar. Han har hatt dikt på trykk i ymse tidsskrift, omsett ein operalibretto til norsk og skrive librettoen til ein opera som skal setjast opp i Trøndelag sumaren 2018.
Sterke og såre dikt om å vere far til ei dotter på 3,5 år med ein diagnose som gjer ho språklaus. Han skriv til ho og til kona si, og dikta er fulle av kjærleik, smerte og ein sorg over det som ikkje vil bli. Han har «endelause samtaler med stilla di». Han seier «Denne dorullnissen du ikkje har laga, kor lenge må vi vente før vi kastar han?». Ein kan lese om polikliniske notat, tverrfagleg vurdering og kuvøse. Han samanliknar diagnosa med ein skrivefeil med katastrofale følger. Dikta har ulikt oppsett, men mange kjem i fleire variantar av same tema. Metatekst, Rutine, Konedikt med fleire kjem fleire gonger. Alt dette kan høyrast veldig mørkt ut, og ein del boksider er heilt svarte, men det er eit blikk som leikar med ord og bilde. Han er ærleg og uredd i skildre tankar og skam, det som skranglar, som ein ikkje er stolt av. Han er ambivalent og vi kjenner sterkt med han.