Middelalderforskaren Werner Holck sit på Universitetsbiblioteket for sjuande år på rad idet han ein vår-dag får augo opp for ei ung kvinne som kjem inn på lesesalen. Slik vert han òg merksam på ein av dei andre lesesalsslitarane, presten Paul Winther, og han vert eit vitne til ein del av kjærleikshistorien mellom kvinna og presten. Samtundes gjer møtet med dei at Holck sjølv vert trukken tilbake til livet utanfor bøkene. Det fører han blant anna frå hovedstaden til ei øy på Vestlandet, og inn i krinsen rundt dei to Bergmann-karane, skodespelaren Johannes og spekulanten Tom, kjende frå tidlegare romanar av Edvard Hoem.
Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fem bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016), Liv andre har levd (2017) og Jordmor på jorda (2018) har eit opplag på over 400.000. Sjette bok, Felemakaren, kom ut høsten 2020.
I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages hederspris, og i 2020 vart han utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden for sin framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv.