Dette er akkurat boka ein sjuk 6-åring trong i kveld.
Me har høyrd mange ulike Operasjon-bøker, og denne følger same formel som dei fleste andre. Tiril og Oliver er smarte og uvanleg foretaksomme, og sjølv om det ikkje er særleg realistisk, så er det spanande, detaljert og koseleg.
Denne var kanskje ekstra skummel i scenen då T&O snik seg inn på hotellrommet til dei mistenkte, då holdt 6-åringen pusten!
Sjølv set eg pris på små detaljar som skildringringar av kjente kunstverk på Elvestad kunstmuseum. Artig at Christian Krogh heng side om side med Munchs Skrik og Salvador Dali!