Folk flest finn vel glede og trøst i tanken om at sjølv om vi alle er spesielle, er det også godt å bli mint om det typiske, og at det er veldig mange som har erfart det same som meg. Føremålet med alle tekstane i denne boka er at lesaren skal kjenne seg – eller kanskje andre – att, og seie med eit smil og eit nikk at «Ja, akkurat slik er det».
Ei nett diktbok om det kvardagslege. Dikta speglar, i mi meining, godt korleis livet på bygda er, og tankar og gjeremål som me alle kan kjenne oss att i. I tillegg verkar den til å vere ein hyllest til bøndene og dei nasjonalromantiske omgjevnadane me er så heldige å bu i. Forfattaren får av meg melkesjokoladeprisen: eit lite stykke Noreg.