Jakta på den løynde historia om ein ukjent krigshelt.
I 1936 har Hitler tatt makta i Tyskland. Europa er prega av fascistiske straumdrag. Da den spanske borgarkrigen startar, er norske Wilhelm Holst busett i Paris, der han driv forretningar. Snart er han båreberar og frivillig på republikansk side ved fronten i Spania. Etter at fascistane vinn i Spania, hjelper han flyktningar over grensa til Frankrike. Da tyskarane kjem til Noreg, blir dei to sønene hans på femten og seksten år skotne og drepne heime i Ådalen. Frå da av risikerer Holst dagleg livet i hemmeleg undergrunnsarbeid i Frankrike. Han blir spesialagent med mange dekknamn og opererer ofte saman med «fru Holst», den britiske agenten Madge Addy. Kven var han, Wilhelm Holst, og kven var den britiske kvinna som ikkje var hans eigentlege kone?
I denne boka drar barnebarnet på jakt etter løyndomane i livet til ein bestefar han aldri møtte. Saman med forfattar Sigrun Slapgard leitar han i hemmelegstempla dokument og brevsamlingar, og gradvis trer historia fram - ei skakande forteljing om korleis to brutale krigar endra livet til ein mann og slo inn ein familie.
Den ukjende historia om ein europeisk motstandshelt frå Norge, som opererte som hjelpearbeidar, sabotør og alliert spion i Frankrike og Spania på 1930- og 40-talet. Ei intens, drivande historiefortelling gjer den særs lesverdig - og gir innblikk i ei tid som ikkje lenger fins, og spørsmål om rett og gale, sanning og løgn.
Middels forretningsmann viser seg å være tidenes logistikktalent når han flytter seg fra import/eksport av fisk og over på transport av skadete soldater under Spania-krigen.
Snart tar han nok en ledende logistikkrolle i en hjelpeorganisasjon samtidig som le carré-aktige typer begynner å snuse han opp.
Så sitter han oppi det da. Hjelpearbeid om dagen, undergrunnsarbeid om natta. Først i Spania, så i Frankrike. Krevende for helsen, men så sitter en igjen med en ganske innholdsrik biografi.
Om ikke krig er uggent nok, tar boka også opp hvordan Europas stormakter lot Franco holde på, ikke bare før og under andre verdenskrig, men også frem til midten av 70-tallet.
Kodenavn Billett bygger seg hvertfall en heftig cv gjennom årene, men ikke uten personlige tragedier. Velskrevet bok, sjangermessig ikke helt på linje med Allo Allo.