Dette var ei sår og vond historie om å forsøke å finne ut kvar ein står og kvar ein skal her i livet. Spesielt vondt var det å lese om Håkons liv med Arve, som han har vore saman med lenge. Over tid har forhaldet endra seg frå noko som kanskje var bra til noko som ikkje er bra, det er episodar av vald, det er dei stadige stikka, gaslighting, skuldingar, vonde ord. Mitt råd til ein ven med ein partnar som Arve er eit ubetinga "LØP! KOM HIT!".
Og Håkon løper, til Stig, som han alt har løpt litt til, og som er ein av dei som gjer det vanskelegare for Håkon på slutten av forhaldet til Arve, for Stig gjer jo at Arve har litt rett, og kor er Håkon då? Samtidig er Stig trygg og forståingsfull, han er nok bra for Håkon der og då. Over tid ser eg imidlertid ei dreiing til at også Stig blir meir kontrollerande og mistenksam, til noko av dei same tendensane som med Arve, likevel minner det meir om normal sjalusi enn om kontroll. Viss Håkon var ærleg så hadde orda frå Stig kanskje falt annleis, eller føltes annleis?
Og så er det Thomas, den tredje som Håkon går til, den som ikkje er ute etter eit forhald, den som ikkje gir Håkon tryggleiken han kanskje søker, men han som berre gir sex og varme, ei stakket stund, ei natt. Eller er det noko meir, burde det vere noko meir, kanskje er det her det burde ha utvikla seg? Gradvis frå det usikre til det sikre med Thomas - i staden for å jumpe rett inn i det etablerte og sikre med Stig?
- og så kryssast stiane eller trådane eller snorene til slutt, og alt blir kaos.