Diktaren Nordahl Griegs liv er på same tid eventyrleg, og hektisk. Historia startar i Bergen i 1902, går om Kapp det gode håp, Alta, Oxford, Shanghai, Paris og Reykjavik, så Moskva og Madrid, og endar i eit fly over Berlin i 1943. Han var forfattar og reporter, ein verdsborgar og ein patriot, som valde å kjempa for sovjetkommunismen og mot fascismen.
Gudmund Skjeldal (f. 1970) arbeider som historikar ved Norges idrettshøgskule. Han har vore slåttekar og skiløpar, lektor og klimakampanjeleiar, journalist og kommentator. Han er forfattar av 13 bøker, så som dei kritikarroste Den siste langrennaren (2005), Diktaren i bombeflyet, ein biografi om Nordahl Grieg (2012) og Wimbledon: Der graset er grønast (2017).