Året har ingen vår kom ut første gong i 1948 og var Alfred Hauges gjennombrotsroman. Det er ei ætteskildring frå Ryfylke på slutten av 1800-talet.
Vi møter Anton Person Løland frå Borgøy som legg ut på friarferd – og kjem attende med Mallin. Hardt slit og tunge røynsler er det som ventar den unge brura på Løland. På garden herskar Brønla, mor til Anton, som med tida kan rekne åtte borneborn med til undersåttane sine.
Det er ei politisk uroleg tid som også er prega av religiøse vekkjingar, noko som får alvorlege verknader for livet på Løland. Mallin vert plaga av tankar om synd og skuld, og det er lita hjelp å få hos dei som skulle vera nærast til det. Kring familien på Løland har Alfred Hauge bygd opp eit stort galleri av bygdefolk som han skildrar med både humor og medkjensle. Ei mengd fine naturbilete er òg med i vevnaden hans.
Året har ingen vår er den første boka i trebindsromanen om Lølandsfolket, men kan lesast som ein sjølvstendig roman.
Alfred Hauge var en norsk forfatter og journalist fra Finnøy kommune i Ryfylke i Rogaland. Alfred Hauge vokste opp på øya Kyrkjøy. På Kyrkjøy står Sjernarøy kyrkje, ei fin langkirke i tre fra 1636. Ved kirka er det reist et minnesmerke over Alfred Hauge.
Hauges første bøker kom ut på det kristne forlaget Ansgar. Han var også en tid redaktør/forlagssjef i dette forlaget, og var rett etter krigen ansatt i den nystartede avisa Vårt Land. Som ung hadde han begynt å studere teologi, men avbrøt etterhvert dette studiet. Han var også en periode lærer/styrer ved Sand folkehøgskule i Ryfylke.
Hauge identifiserte seg med den kristne tro hele livet, og i trebindsromanen om Løland-folket (Året har ingen vår; 1948, Fossen og bålet; 1949 og Ingen kjenner dagen; 1955) skriver han om denne arven. De to første ble skrevet på nynorsk og gitt ut på Ansgar forlag, mens den siste er skrevet på bokmål, og kom ut på Gyldendal, der de fleste av bøkene hans senere kom ut.
Hauge var opptatt av den norske utvandringa til Amerika. Han skrev blant annet en trilogi om utvandrerpioneren Cleng Peerson. For denne ble han belønnet med Kritikerprisen i 1965. Alfred Hauge skrev både på nynorsk og bokmål.
Hauge skriv godt og fengande om eit hårdt liv i Ryfylke på 1800-talet. Han skildrar ei verd av omreisande predikantar, bønder, fattigdom, og ei evig kjensla på at synd og fortapelse er nær. Boka endar med eit sitat: "bare vi, bare vi havde kjærlighed nok", og det er nettopp kjærleiken (og mangel på den) som er sentral i boka her.