Tarjei Vågstøl's Reviews > Showtime!

Showtime! by Henrik H. Langeland
Rate this book
Clear rating

by
M 50x66
's review

liked it
bookshelves: fiction

Har ikkje lese dei tidlegare bøkene om Christian von der Hall, men får kjensla av at hovudpoenga, og kanskje også plott-strukturen, er ganske tydeleg gjentekne her.

Boka er ein TV-serie om ein gründer i event- og mediebransjen (Hall), med sub-plott, episodehistorier, gradvis erkjenning (det er det kanskje den svakaste delen). Ei mengd næringslivs-kjendisar spelar viktige biroller, kjende offentlege hendingar er lett omskrivne og det er, i mine augo, litt som å lesa ei fiksjonalisert utgåve av Dagens Næringsliv. Absurd nok er det mykje finans som driv handlinga framover, men det er, trass bransjesjargong, relativt lettfatteleg forklart for lesaren. Alt i alt, ei ganske grei spenningsbok utan vald og blod, med veldig typeteikna karakterar.

Det som skar mest i augo var kanskje at det av og til kom nokre collet-ske entfremdungs-kommentarar, der forfattarrøysta skjer gjennom og både omtalar hovudpersonen som "vår helt", og forsikrar oss om at vi kjem til å forstå alt som ligg mellom nokre tidshopp. Eg forstår ikkje kvifor ein tek med slik, litt umotivert spreidd rundt i boka.

Dette med austlendingar og ski trur eg aldri eg kjem til å forstå.

Eg trur denne boka er artigaste for dei som har lese Wonderboy og Fyrsten.

Bokmelding i Dagbladet (Cathrine Krøger, 28.05.2020), og NRK (Marta Nordheim, 28.05.2020, langt meir positivt).
2 likes · flag

Sign into Goodreads to see if any of your friends have read Showtime!.
Sign In »

Reading Progress

May 28, 2020 – Started Reading
June 1, 2020 – Shelved
June 1, 2020 – Shelved as: fiction
June 1, 2020 – Finished Reading

No comments have been added yet.