Tarjei Vågstøl's Reviews > Hodejegerne

Hodejegerne by Jo Nesbø
Rate this book
Clear rating

by
M 50x66
's review

liked it
bookshelves: fiction, thriller

Har ikkje lese Jo Nesbø før (bortsett frå barnebøkene hans, som er bra), men fekk eit innfall om å lesa denne. Eg kastar meg neppe over resten av krimhistoriene hans.

Dette er for all del velkomponert, og sett til vestkanten av Oslo, langs aksen Holmenkollåsen - Frogner - Skøyen. Det er ei verd eg, og sikkert dei fleste andre, berre har fantasibilete av; ei fascinerande verd av funkisvillaar, dyr herremote, heimeverande koner og samtidskunst. Som alle andre med middels inntekt, rekkjehus og ein sliten IKEA-sofa, tykkjer eg det er fint å drøyma seg bort, anten det er i spaningsbøker eller i D2.

Likevel, eg har nokre innvendingar mot boka:

1. Då eg gjekk på ungdomsskulen, fortalde norsklæraren om "Tsjekhovs gevær", altså at alt du presenterer i ei historie skal koma til nytte seinare (bokstaveleg: seier du at det heng eit gevær på veggen, skal det spela ei rolle seinare). Denne boka har heile arsenalet til Tsjekov, altså ein overflod av trådar som knyter seg saman, informasjon som vert viktig seinare og bilete som får konkret tyding. Litt for mykje, etter min smak, sjølv om alt går logisk opp til slutt.

2. Ein av karakterane vert skildra som særs logisk fordi ho argumenterer (godt) for at det ikkje kan finnast tre påfølgjande oddetal som er primtal, men ho nemner ikkje det openberre unnataket, (3, 5, 7), noko ungdomsskule-eleven eg har heime tok på to sekund.

3. Teknologien som ber handlinga er for lite truverdig.

4. Plottet, og ikkje minst antagonisten i historia, verkar overdrive og sært.

Andre stader har eg argumentert mot plot-twistar som litterært verkemiddel. Eg står ved det, men det vert litt sært å kritisera ein thriller for å bruka dei, så eg gjer ikkje det.
flag

Sign into Goodreads to see if any of your friends have read Hodejegerne.
Sign In »

Reading Progress

May 20, 2020 – Started Reading
May 21, 2020 – Shelved
May 21, 2020 – Shelved as: fiction
May 21, 2020 – Shelved as: thriller
May 21, 2020 – Finished Reading

No comments have been added yet.