Tarjei Vågstøl's Reviews > Kyss meg, døden

Kyss meg, døden by Knut Nærum
Rate this book
Clear rating

by
M 50x66
's review

it was ok
bookshelves: fiction

Eg har hatt stor sans for krim-pastisjane til Knut Nærum tidlegare (Døde menn går på ski, De dødes båt, Voodoo på vestkanten og Den gåtefulle Oberon Qvist). Eg liker krim frå midten av førre hundreåret (jau då, André Bjerke og Agatha Christie) og eg liker den tørre riksmålshumoren til Nærum, til dømes frå Døde menn går på ski:

– Sjølveste Konrad Stang. Og du meinte på at kjæringa var spik spenna gærn.
– Jeg bruker svært sjelden det uttrykket, sa Stang. – I mine kretser bruker vi heller karakteristikken «hoppende gal».

I form liknar denne siste boka litt på Den gåtefulle Oberon Qvist. Det er ei rekkje små krimnoveller som vert fletta saman til slutt.

Det er ikkje lenger krimforfattaren Kjell Nilsen som vassar gjennom sakene, med Qvist som hjernen på bakrommet. Denne gongen møter vi ein ny hovudperson, privatdetektiven Dreng Drabløs. Han løyser sakene åleine, sjølv om han ikkje har stort meir vit enn Nilsen (som tidlegare har fungert som ein Watson, Borge eller Hastings). Det er også andre brotsverk; ikkje drap i lukka rom, men andre brotsverk - tydeleg inspirerte av store saker i nyhenda. Eg trur det er meininga dette skal vera ein pastisj på Varg Veum - likevel: denne gongen tykkjer eg ikkje det fungerer.

Det er ein del vitsar, men dei gjennomgåande (at Drabløs skal vera ein uimotståeleg sex-atlet, og at mor hans ringjer på feil tidspunkt heile tida) er rett og slett ikkje så morosame. Karakterane vi møter på vegen, er korkje artig tenkte eller artig presenterte. Plotta er stort sett uinteressante. For meg kjenst det som om det er Mikke Mus-historier.
flag

Sign into Goodreads to see if any of your friends have read Kyss meg, døden.
Sign In »

Reading Progress

October 1, 2019 – Started Reading
October 2, 2019 – Shelved
October 2, 2019 – Shelved as: fiction
October 2, 2019 – Finished Reading

No comments have been added yet.