Tarjei Vågstøl's Reviews > Nye privilegier. Essay om oppmerksomhet

Nye privilegier. Essay om oppmerksomhet by Eivind Buene
Rate this book
Clear rating

by
M 50x66
's review

really liked it
bookshelves: essay

Eivind Buene, ein samtidskomponist på min alder, har ikkje smarttelefon. Det har eg òg prøvd, fleire gonger. Det er behageleg, men kvar gong endar eg opp same staden: Eg vert vanskeleg å få tak i, må overlata til andre å få med seg informasjon om skule og barnehage og må gjera masse arbeid for å ta med meg informasjon og putta han tilbake i eit digitalt system eg stolar på. For Buene ser det ut til å fungera. Han vedgår ope at dette er eit luksusgode, eller, som han kallar det, eit privilegium. Han presiserer seinare: godet er eigentleg å kunne rå over si eiga tid og merksemd.

Historikaren i meg er litt skeptisk til å definera dette som eit privilegium. Eg tenkjer på privileg som særrettar, eller spesielle gode som har ein slik karakter at berre nokre kan ha dei. Teksten til Buene godtgjer ikkje fullt ut at tid/merksemd treng vera eit slikt privilegium.

Smarttelefonen er utgangspunktet for denne essaysamlinga (eller: er det eigentleg eit langt essay?), men det beveger seg ganske raskt derifrå: til kva vi kan gjera med merksemda vår når vi i større grad rår over henne. Her går han til skjønnlitteraturen og til samtidsmusikken. Eg lærte ganske mykje om lytting, lesing og samtidsmusikk.

Dette er ikkje ei bok som diskuterer dei nye teknologiane, og eller ikkje ei sjølvhjelpsbok for deg som vil ha ein digital detox eller læra mindfulness. Det er heller ikkje ei veldig teoretisk bok, men ein tekst om å lytta, oppleva og tenkja seg om. På meg verkar det som om ho står litt i spenn mellom å vera eit veldig langt essay og ei tematisk samling, og eg skal vedgå at det var delar som ikkje var like interessante: Det siste essayet ("Tre dager med Thomas") til dømes, tykkjer eg verka litt tilfeldig teke med: ein god og interessant tekst, men litt på sida dersom dette skulle vore eit langt essay.
flag

Sign into Goodreads to see if any of your friends have read Nye privilegier. Essay om oppmerksomhet.
Sign In »

Reading Progress

June 24, 2019 – Started Reading
June 25, 2019 – Finished Reading
June 26, 2019 – Shelved as: essay
June 26, 2019 – Shelved

No comments have been added yet.