Tarjei Vågstøl's Reviews > Den gåtefulle Oberon Qvist

Den gåtefulle Oberon Qvist by Knut Nærum
Rate this book
Clear rating

by
M 50x66
's review

really liked it

Eg har så langt likt Oberon Qvist (De dødes båt, Voodoo på vestkanten), det viktigaste innvendinga har vore at det har vore for lite av han i bøkene. I denne boka, der noko gamalt og noko nytt er sauma saman til ei novellesamling med rammeforteljing, får vi meir av han. Mykje meir.

Qvist er, for nye lesarar, ein klassisk eksentrisk privatdetektiv, med interesse for botanikk og tydeleg habitus som ein gentleman frå Vestkanten, glimrande illustrert ved omtalen av sportskleda hans:

Qvist var iført anorakk, nikkers og ullstrømper, som en middelaldrende tungtvannssabotør. Han påsto at han hadde hatt det samme fj>elltøyet siden slutten av syttitallet, og lappet det selv når det trengtes (frå novella "Berget til Muhammed").


For lesaren (og forteljaren Kjell Nilsen) er han passe uberekneleg. Dersom Nilsen prøver seg på ei openberr forklaring, finn sjølvsagt Qvist ein logisk brest som får heile forklaringa til å falla saman. Då er det evna til å skapa ei historie som får drapsmannen til å vedgå brotsverka sine (etter mønster frå Poirot/Marple). Dersom Nilsen prøver seg på finurlege løysingar, får han høyra at det stundom er slik det ser ut til å vera.

Stilltiende må han ha godtet seg over mine feilslutninger, mens han satt der og visste at han snart skulle legge frem de riktige svarene og bli feiret som en helt ("Jeg tar ikke telefonen").


Nærum er ikkje åleine om å skriva gamalmodig krim (jf Jan Boris Stene og Hans Olav Lahlum), men han er nok den som gjer det med mest vitsar og tydelege referansar. Det gjeld ikkje berre einskildelement, men heile plott: dei to førre Quist-bøkene var tungt inspirert av André Bjerke (høvesvis Nattmennesket og Skjult mønster). Denne gongen fann eg mest frå Conan Doyle og Agatha Christie; eg spolerer nok ikkje meir enn baksideteksten gjer om eg skriv at lesaren vil kjenna igjen både jakta på Moriarty og Teppet faller.

Bra bok? Jau då. Dette er enkel moro for oss som let oss underhalda av treg, klassisk krim.
flag

Sign into Goodreads to see if any of your friends have read Den gåtefulle Oberon Qvist.
Sign In »

Reading Progress

April 22, 2019 – Started Reading
April 23, 2019 – Shelved
April 23, 2019 – Finished Reading

No comments have been added yet.