Tarjei Vågstøl's Reviews > Jakten på den grønne lykken

Jakten på den grønne lykken by Bjørn Stærk
Rate this book
Clear rating

by
M 50x66
's review

liked it
bookshelves: miljø, essay

Bjørn Stærk er ein skribent eg har hatt i sidesynet; fyrst på USENET på siste helvta av 1990-talet og i blogosfæren på starten av 2000-talet. Eg har aldri brydd meg så mykje om kva han har meint, men registrert at han har vore ein slags høgresidetype. Seinare har eg sett at han har skrive ei bok om kva han, frå eit ateistisk perspektiv, tykkjer er fint med kristendomen (Å sette verden i brann - en ateist skriver om Jesus). Den bobla eit stykkje opp på lista over bøker eg kunne tenkt meg å lesa, men nådde ikkje heilt opp.

Denne bok er eit essay om å leva miljøvenleg. Hovudsakleg krinsar det rundt to tema, byplanlegging og etisk forbruk, og er, som tittelen seier, delvis eit forsøk på å undersøkja om det kan gjera oss lukkelege som menneske å leva meir miljøvenleg. Svaret hans er vel ja. Eg trur på det, men eg trur det er vanskelegare enn som så. All aktivitet vi legg sjela i, gjer oss lukkelege (ill: xkcd: Connoisseur).

Tildrivet bak boka verkar å vera at Stærk endra politisk synsstad, frå marknadsliberal teknologioptimist til "grøn". For å få dette til å hengja saman, plukkar han det beste frå den konservative tradisjonen (stort sett det dei konservative har gløymt) og den liberale tradisjonen.

Eg tykkjer boka er grei. Bjørn Stærk skriv og disponerer godt. Han endar opp men ein slags grøn konservatisme, og sjølv om eg kunne plukka på analysane hans, er ikkje ideala hans om korleis samfunnet bør vera så veldig langt unna mine eigne utopiar om norsk bygdekommunisme. Den konservatismen (small-c) han skildrar, er den konservatismen eg ofte har ønskt at høgresida dreiv med. Men: dei gjer jo ikkje det, og det anerkjenner Stærk også.

Det eg saknar i boka hans, er kanskje sannkjenninga av kor dårleg tid vi har. Det er kanskje der eg og han skil mest lag. Vi har ikkje tid til å venta på at tilstrekkeleg mange skal finna lukka i ein grøn livsstil. Vi må endra det destruktive levesettet vårt, og vi må gjera det veldig fort. Det vil kanskje verta godt på sikt, men det vil gjera vondt fyrst. Det vi må diskutera, er korleis den smerta skal fordelast, og kva vi er viljuge til å ofra. Der dukkar problema opp, og dei tykkjer eg ikkje Stærk tek tilstrekkjeleg opp.

Så: Halvgod karakter. Som livsstilsmanifest er boka inspirerande, og eg får lyst til å gjera meir av det gode eg gjer. Eg har mykje å gå på.
2 likes · flag

Sign into Goodreads to see if any of your friends have read Jakten på den grønne lykken.
Sign In »

Reading Progress

March 19, 2019 – Started Reading
March 23, 2019 – Finished Reading
March 24, 2019 – Shelved
March 24, 2019 – Shelved as: miljø
March 24, 2019 – Shelved as: essay

No comments have been added yet.