Tarjei Vågstøl's Reviews > En antisemitt trer frem. Alf Larsen og Jødeproblemet.

En antisemitt trer frem. Alf Larsen og Jødeproblemet. by Jan-Erik Ebbestad Hansen
Rate this book
Clear rating

by
M 50x66
's review

really liked it
bookshelves: fascisme

Boka er ei drøfting av Alf Larsens tekst Jødeproblemet, ein (upublisert, ca. 1960) tekst som kan seiast å vera noko a la Heideggers "Schwarze Hefte", i tydinga at det er ein tekst der forfattaren legg for dagen meir openberre antisemittiske synspunkt enn før har vore kjende. Utover det skal vi ikkje trekkja samanlikninga med Heidegger for langt; Alf Larsen får ofte ros for å vera ein meister i bruk av invektiv, men nivået på sitata vi får sjå, får kommentarfelta hjå Resett til verka salonfähig. Det er slik at eg skulle ynskt at Hansen trekte fram eitkvart som kunne stø oppunder det ryktet Larsen har som ein viktig mot-intellektuell og flink poet. Det er jo heile bakgrunnen for undersøkinga.

Boka er ein idehistorisk framstilling, der ulike impulsar som kan ha inspirert dette manuskriptet vert vert undersøkt: Tidleg påverknad (fyrst og fremst Hans Jæger og mislukka forretningar med Israel Sachnowitz), antisemittisme hjå Steiner og det antroposofiske miljøet og kontakt med ytste høgre etter andre verdskrigen.

Antisemittismen til Larsen vert også systematisert som ein "assimilasjons-antisemittisme", altså ein ideologi om at jødane burde utsletta seg sjølv ved å gå opp i majoritetskulturen. Slik meinte altså Larsen, og norske antroposofar som har teke han i forsvar, at grensene mot den nazistiske rase-antisemittismen vert dregne.

Hansen syner at desse grensene ikkje er så klare. Gjennom sitat og ideologi-diskusjon ser vi at det ikkje er krystallklart kvar det jødiske individet sluttar og det jødiske kollektivet startar, eller korleis den antroposofiske forståinga av folkeand er unik (bortsett frå den okkulte forklaringa av ho). Når Alf Larsen ymtar om at jødane sjølve har skulda for holocaust, både fordi det var ein naturleg reaksjon å reagera på ein 'framandlekam' og fordi nazismen eigentleg var ein jødisk ideologi, kastar han frå seg det han måtte ha av frikort.

Hansen si bok er verd å lesa. Ho gjev eit godt bilete av både den mykje omtala teksten, synspunkta til Alf Larsen og syner fram antisemittiske tendensar innan antroposofien. Den største veikskapen ved boka er kanskje fyrst og fremst veikskapen ved idehistorie som fag: idehistorikaren påviser idear og syner logiske samanhengar mellom dei, men spør ikkje kor viktig/avgjerande dette var, eller kor særmerkte desse ideane var.

Den andre eg saknar er er ein meir systematisk drøfting av omgrepa han legg på bordet, og ein refleksjon rundt eigen posisjon. Tittelen klistrar "antisemitt" på Alf Larsen, og eg tykkjer boka legitimerer det. Men samstundes burde Hansen ha avklara sin eigen posisjon: Finst det ei grense? Finst det ytringar som kan kallast legitim kritikk av den jødiske kulturen/minoriteten utan at det fortener merkelappen? Er ynsket om at jødane skulle assimilera seg, per definisjon antisemittisk? Dette er ikkje spørsmål som er lette å svara på, men eg tykkjer at når ein skal driva ein idehistorisk rettergang, bør aktor i det minste skissera kva lover han legg til grunn.
4 likes · flag

Sign into Goodreads to see if any of your friends have read En antisemitt trer frem. Alf Larsen og Jødeproblemet..
Sign In »

Reading Progress

March 16, 2019 – Started Reading
March 17, 2019 – Finished Reading
March 18, 2019 – Shelved as: fascisme
March 18, 2019 – Shelved

No comments have been added yet.