Tarjei Vågstøl's Reviews > Isbjørngåten

Isbjørngåten by Hans Olav Lahlum
Rate this book
Clear rating

by
M 50x66
's review

liked it
bookshelves: fiction

Dette er framleis puslespel-krim, sett i 1973 og med handling som går lengre tilbake (i dette tilfellet heilt tilbake til 1918). Det er ikkje å koma forbi at Lahlum meistrar sjangeren, og når løysinga nærmar seg, er det openbert at det er den einaste løysinga som kan fungera.

Eg liker sjangeren, men gav denne ein ganske lunken karakter. Det er ikkje på grunn av plottet (som er ganske bra), men fordi eg tykkjer historikaren Lahlum speler bort sjansen til å skriva historisk krim. Meir enn tidlegare tykkjer eg at "no" i boka (mai 1973) eigentleg kunne vore når som helst. Alle karakterane verkar eksistera i ei tidlaus vestkant-borgarlegheit. Det dukkar opp nokre karakterar i 1973 frå Stryn, og desse vert attgjevne på nynorsk (eller "landsmål", som det konsekvent vert kalla i boka, både i 1973 og 1933), noko som skapar ein pussig effekt. Det einaste som eigentleg står att i denne boka, er eit ganske reinskore puslespel.

Lahlum varslar i etterordet to bøker til om K2/Patricia. Mi ynskeliste: Trekk inn meir tidskoloritt. Spol gjerne fram i tid, og la oss få meir 1970-tal: Vietnam, ml-rørsla, miljøvern, distriktshøgskular, målstrid, oljeutvinning, kvinnekamp, terrorisme. Lat smarte Patricia verta fanga av tidsanda, og la henne få oppfatningar for eller mot det som skjer, og la gjerne ho vera den som køyrer etterforskinga fast. Og kort sagt, la gjerne historikaren Hans Olav Lahlum få meir spelerom!
1 like · flag

Sign into Goodreads to see if any of your friends have read Isbjørngåten.
Sign In »

Reading Progress

December 30, 2018 – Started Reading
December 31, 2018 – Finished Reading
January 2, 2019 – Shelved
January 2, 2019 – Shelved as: fiction

Comments Showing 1-1 of 1 (1 new)

dateDown arrow    newest »

message 1: by Magnus (new) - added it

Magnus Bernhardsen Har pløygd gjennom K2-bøkene i det siste, og eg tykkjer tendensen har vore at bøkene vert mindre og mindre situerte, eigentleg. Eg har inntrykk av at historikaren Lahlum hadde nokre idear knytt til tema frå fagethans, men at han gjekk tom for dei til føremun for berre å pønska ut intrikate krimhistorier.


back to top