Tarjei Vågstøl's Reviews > Jeg lever et liv som ligner deres

Jeg lever et liv som ligner deres by Jan Grue
Rate this book
Clear rating

by
M 50x66
's review

it was amazing

Jan Grue er veldig flink til å skriva. Det visste eg for så vidt frå før.

Alt på tittelsida skjønar ein at ingenting er tilfeldig i denne boka. "Jeg lever et liv som ligner deres" spelar på at pronomenet "deres" kan syna til både andre og tredjeperson fleirtal på bokmål. Vi finn att setninga tidleg i boka, der han reflekterer over at livet han lever, liknar på foreldra sine. Men det er tydeleg at det også er det korte svaret på eit tenkt (og erfart) spørsmål: korleis er det å vera deg, Jan Grue.

Den raude tråden i boka er korleis Grue voks opp og vart vaksen, far og (ikkje minst) ung stjerneskot-professor med ein kropp som krev at han nyttar rullestol for å koma seg rundt. Ho handlar om korleis samfunnet skapar funksjonshemmingar (med California og Russland som to ytterpunkt), og korleis det norske "hjelpeapparatet", trass i at det hjelper, også skapar utanforskap.

Sjølve forma på boka er på alle måtar essayistisk, utforskande og subjektiv. Grue skriv med same sikkerheit som han alltid gjer, presist og drøftande, og dersom du som lesar byrjar å tenkja, "men kva med ...", så kan du vera sikker på at tek dette opp alt i neste avsnitt.

Boka vert rosa opp i skyene overalt eg ser. Eg har ingenting å innvenda mot dette.

Det einaste eg kanskje sakna, var at når Grue skriv om rullestolen som stigma (med referansar til Goffmann), så minner den utanforskapen han skildrar veldig mykje på det Arne Garborg skildra i Bondestudentar. Det er ei kopling eg gjerne skulle sett at han drøfta: i kor stor grad kan fysiske funksjonshemmingar samanliknast med andre former for utanforskap.
1 like · flag

Sign into Goodreads to see if any of your friends have read Jeg lever et liv som ligner deres.
Sign In »

Reading Progress

Started Reading
August 17, 2018 – Shelved
August 17, 2018 – Finished Reading

No comments have been added yet.