Tarjei Vågstøl's Reviews > Bjørnen

Bjørnen by Gard Sveen
Rate this book
Clear rating

by
M 50x66
's review

liked it
bookshelves: thriller

Presis og velkomponert norsk spionroman. Plottet spinn rundt Arne Treholt (i boka: Arvid Storholt), sjølv om han ikkje er hovudpersonen. Fleire drap, både gamle og nye, set i gang ei ganske hektisk etterforsking etter ein annan norsk moldvarp.

Den triste stemninga i boka er velkjent, særleg for oss som liker le Carré, men det er likvel noko eg tykkjer manglar: Den politiske dimensjonen. Sympatien med Sovjetunionen (og DDR) tykkjest vera langt svakare enn det som oftest vert skildra, og KGB/Stasi rekrutterer nærast utelukkande ved hjelp av frykt (til gjengjeld: dette styrkar definitivt den dystre stemninga).

Men eg tenkjer at dette er ei blindsone for forfattaren. Ein av hovudpersonane er Christel Heinze, som rømmer frå Aust-Tyskland på symjeturnering i Oslo i 1973. To år seinare kjem ho attende som student i Oslo, og opplever at Raud Front-medlemer forraktar henne som ein desertør frå den reelt eksisterande sosialismen. Sjølvsagt kan ho ha opplevd det, men i Raud Front var nok analysen av Sovjetunionen som ei sosialimperialistisk supermakt ganske utbreidd. På same tid melder ho seg inn i DNA, og insisterer på at ein elskar må melda seg inn i Partiet. Samtidig som både flukta til Vest og draumane hennar om sitt eige liv er motivert frå eit ønskje om å vera med i det vest-europeiske borgarskapet.
flag

Sign into Goodreads to see if any of your friends have read Bjørnen.
Sign In »

Reading Progress

July 1, 2018 – Started Reading
July 2, 2018 – Shelved
July 2, 2018 – Shelved as: thriller
July 2, 2018 – Finished Reading

No comments have been added yet.