Tarjei Vågstøl's Reviews > Ulvefellen

Ulvefellen by Aslak Nore
Rate this book
Clear rating

by
M 50x66
's review

really liked it
bookshelves: fiction

Er dette historisk krim? Ut frå ein kvar fornuftig definisjon: ja. Det er ein spionroman sett i Noreg og Tyskland i 1942. Boka er godt researcha (kjeldeliste i etterordet) og på dei fleste måtar eg kan sjå, historisk korrekt (bortsett frå det som openbert er fiktivt). Historia vert godt og spanande fortald, med ei oppbygging som minner om The Day of the Jackal (Forsyth 1971). Framstillinga både av tyske og norske nazistar verkar å vera i tråd med nyare litteratur. Hovudpersonane er interessante, og for ein som kjenner perioden sånn passe, verkar dei truverdige.

Så, kva har eg mot denne boka? Fyrst og fremst slutten. Konklusjonen på historia vert presentert stykkevis i mellomkapittel lagde til i London, 1944. Desse vert etter kvart tett knytte til den historia som spelar seg ut i 1942, men det som skjer i mellomtida, er svært kort og delvis kaotisk presentert i siste kapitlet. Det kjenst nesten som om Aslak Nore hadde planlagt ein oppfølgar (ev. tre hundre sider til), men oppdaga at han ikkje heilt hadde nok stoff til å fylla dette.
2 likes · flag

Sign into Goodreads to see if any of your friends have read Ulvefellen.
Sign In »

Reading Progress

March 25, 2018 – Started Reading
March 29, 2018 – Finished Reading
April 1, 2018 – Shelved
April 1, 2018 – Shelved as: fiction
May 30, 2018 – Shelved as: to-read

No comments have been added yet.