Tarjei Vågstøl's Reviews > Tre florentinarar

Tre florentinarar by Arnfinn Haram
Rate this book
Clear rating

by
M 50x66
's review

liked it
bookshelves: essay, tru

Etter Eg slepper deg utan at du velsignar meg var det naturleg å lesa denne tekstsamlinga frå Arnfinn Haram O.P. (1948-2012). No er emnet for desse tekstane ulike; der Skjeldal skriv om problemet med kunnskap om Gud, skreiv Haram mest om kyrkja, samfunn og kultur.

Fyrst: dei aller fleste tekstane i denne boka finst også på bloggen Haram skreiv. Eg har også tidlegare lese nokre av dei i Klassekampen og Morgonbladet, og hugsar at eg vart positivt overraska.

Dinest: dette er ei samling av essay, kommentarar, bokmeldingar og andre tekstar. Dei er skrivne i ulike samanhengar, og ofte innanfor ganske strenge rammer. Både studentar og skribentar veit kor vanskeleg det er å seia noko på 2000 teikn. Difor vert somt sagt litt for ofte, somt vert litt lite underbygt eller utvikla. Slik må det nesten vera, og det vert vege opp av at Haram var ein fantastisk polemikar. Han meistra språket til fingerspissane, og råka det han tok til motmæle mot hardt, brutalt og vittig. Eg irriterer meg over alle dei teologiske faguttrykka på gresk og latin som eg må slå opp, men er skjønar at det var eit retorisk poeng for å gjera det klart at han stod i ein stor kunnskapstradisjon. Haram er rein svir å lesa.

Eg tek meg ofte i å sakna posisjonen til Haram i dagens ordskifte. Han var, etter det eg skjønar, kyrkjeleg konservativ (i tydinga at han stod på både tradisjonelle dogme og tradisjonell liturgi). Likevel stod han langt frå den koplinga mellom vekkingskristendom, innvandrings- og muslimfrykt og høgrepolitikk er stor i dag. Slik eg les han, var han snarare til å kritisera forflatinga i den (servile) norske statskyrkja enn til å kritisera andre truande. Kva ville han meint om Listhaug, hijab eller for den saks skuld, jolegudstenesta i skulen? (Eg kjenner meg ganske sikker på kva han ville meint om samkjønna ekteskap og abort, altså).

Elles tykkjer eg at mange av standpunkta (altså, ikkje kritikken, men dei positive standpunkta om korleis ting bør vera) er lite gjennomtenkte og like prega av den betrevitenskapen som han skuldar Dawkins for ha mot dei religiøse. Han er alt for skråsikker når han slår fast at det er mykje berre religiøs kultus kan tilby mennesket.

Det er meiningslaust å polemisera mot ein som er gått bort, og det er like dumt å plassera synspunkta hans i debattar han ikkje deltok i. Men kanskje er det dette, at eg tek meg sjølv i å diskutera med ein død munk, som er vassprøva på at dette er ei samling gode tekstar? Eller kanskje er det eit prov på at han hadde rett i at det er for lite oppriktig diskusjon om dei "store spørsmåla" i del ålmenne ordskiftet?
flag

Sign into Goodreads to see if any of your friends have read Tre florentinarar.
Sign In »

Reading Progress

Started Reading
April 19, 2017 – Shelved
April 19, 2017 – Shelved as: essay
April 19, 2017 – Shelved as: tru
April 19, 2017 – Finished Reading

No comments have been added yet.