Tarjei Vågstøl's Reviews > Eg slepper deg utan at du velsignar meg

Eg slepper deg utan at du velsignar meg by Eskil Skjeldal
Rate this book
Clear rating

by
M 50x66
's review

really liked it
bookshelves: essay, epistemologi, non-fiction, tru

Denne boka handlar om teologen og presten (altså: forfattaren) som misser trua. Det er vanskeleg å seia om det er eit essay eller ein slags sjølvutleverande roman (visstnok var det Knausgård som tok initiativet til boka).

Den raude tråden er at forfattaren vert kristen i barneåra, tek til å studera teologi, gifter seg men ein annan prest, arbeider litt som prest, vert stipendiat ved MF og samstundes katolikk. Så vert han skild og ein nær ven, den katolske munken Arnfinn Haram døyr. Skjeldal tvilar på Gud, og tek til slutt avgjerda at han ikkje er kristen meir (les lanseringsintervju i Vårt Land).

Forma på boka er essayistisk og ikkje-linær, bygd opp av om lag 70 kapittel. Det er få årstal og namn i boka, og det gjer at eg aldri er heilt sikker kronologien. Eg tykkjer det er eit godt grep.

Skjeldal skriv godt og poengtert om tru, epistemologi, sakn, depresjon og det å vera rykt ut av heile røyndomsforståinga si. Han har ei akademisk tilnærming til spørsmåla han tek opp som eg lett kan identifisera meg med. Det kjenst som ei lette når han endeleg får løyst knuten, men eg (ateisten) kjenner inga glede over at han misser det han omtalar som "guden sin": Mest som at fornuften tvingar han til å gje slepp på noko som har vore vondt og godt (gudstrua hans).
1 like · flag

Sign into Goodreads to see if any of your friends have read Eg slepper deg utan at du velsignar meg.
Sign In »

Reading Progress

Started Reading
April 14, 2017 – Finished Reading
April 17, 2017 – Shelved
April 17, 2017 – Shelved as: essay
April 17, 2017 – Shelved as: epistemologi
April 17, 2017 – Shelved as: non-fiction
April 17, 2017 – Shelved as: tru

Comments Showing 1-3 of 3 (3 new)

dateDown arrow    newest »

message 1: by Magnus (new) - added it

Magnus Bernhardsen Eg har lyst til å lesa boka, men lurer på ein ting: polemiserer han mot sine eigne tidlegare skrifter i boka?


message 2: by Tarjei (last edited Apr 19, 2017 03:06AM) (new) - rated it 4 stars

Tarjei Vågstøl Eg las aldri serien hans i D&T, så eg veit eigentleg ikkje. Fosse-boka er ikkje nemnt, men den skreiv han kanskje etter at han vart agnostikar.

Det er ei side ved boka eg likte. Det er ikkje så mykje ein polemikk mot seg sjølv som ei skildring av ei utvikling. Ålment tykkjer eg det er bra: Det er mogleg å meina (og tru) noko anna enn ein gjorde for fem år sidan, sjølv om ein kan forstå og forklare det standpunktet ein hadde.

Ein del polemikk mot tidlegare standpunkt er det sjølvsagt, td. ting han har sagt og gjort som prest.


message 3: by Magnus (new) - added it

Magnus Bernhardsen Ja, det er sant. Eg har lese ein del av han opp gjennom åra, og tykte han var interessant, men ikkje alltid så viljug til å sjå raust på andre synspunkt.


back to top