Tarjei Vågstøl's Reviews > Den velklædte mand

Den velklædte mand by Torsten Grunwald
Rate this book
Clear rating

by
M 50x66
's review

really liked it

Ei fin grunnbok i klassisk herremote, heilt på høgde med The Gentleman: A Timeless Fashion. The Guide to International Men's Fashion. Ho gjev ei grei innføring i emnet, og prøver å dra lesaren mot ein posisjon som tillet varsam eksperimentering innanfor dei klassiske rammene. Disposisjonen er ikkje identisk med Roetzel: det er til dømes mindre om hårvask og dyre klokker, men ein langt betre diskusjon om sportsjakker. Båe bøkene bør finnast i kvar ein heim.

Boka sluttar av med nokre praktiske tips om korleis ein bør byggja opp ein klassisk garderobe og korleis skreddarsaum går føre seg. Her saknar eg kanskje at Grunwald kunne drøft dei praktiske problema med å kle seg "klassisk" i 2014. Trass alle konvensjonane er det ikkje mogleg å koma forbi at dette er ei ekstremt subkulturell interesse i dag. Den som heilt alvorleg prøver å følgja den stilen Grunwald (og Roetzel) fremjar, vil i svært mange tilfelle framstå som overdressed og utspjåka.

Bortsett frå dette: ei veldig kjekk bok å bla i og lata seg inspirera av! Burde liggja under mange joletre i år.
flag

Sign into Goodreads to see if any of your friends have read Den velklædte mand.
Sign In »

Reading Progress

November 30, 2014 – Started Reading
November 30, 2014 – Shelved
November 30, 2014 – Finished Reading

Comments Showing 1-1 of 1 (1 new)

dateDown arrow    newest »

message 1: by Odin (new)

Odin Omdal Hadde ikkje falt meg inn å lesa noko slik av meg sjølv; men vart litt pirra av bokmeldinga di her no :)


back to top