Jump to ratings and reviews
Rate this book

Bye bye

Rate this book
«Eg sjonglerar og bjunglerar med alle ord», skriv Sissel Solbjørg Bjugn i poesisamlinga Bye, bye. Betre enn det kan ein vanskeleg skildra hennar skriving. Den grå og raude vesle boka har ein romfarar på framsida og inni er det mellom anna eit rompoem, men også eit kjærleiksdikt, eit kriminaldikt og ein gjennomgang av lomma si historie. Det er ei merkeleg bok, kanskje ei heilt sprø bok, men også ei klok bok og ei bok om både sex og fødsel ute i verdsrommet, om ein forfattar som mest angrar seg når kriminaldiktet tek ei litt for forferdeleg vending, om å identifisera seg meir med babyar enn himalayaekspidisjonar. Sissel skriv så fint, og ho skriv på både nynorsk og bokmål når det må til:

«For sølv og gull jeg synger ei.

Eg vil sitte i den nordnorske blåsten

og dikte til eg også får ein lort i posten.

(sakset fra Live K. Torvund, http://www.magasinett.no/meldingar/73...)

56 pages

Published January 1, 1989

About the author

Sissel Solbjørg Bjugn

13 books2 followers
(f. 1947) debuterte med diktsamlinga Den første avisa på Lofotveggen i 1978, som ho blei tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har seinare motteke ei rekkje prisar for sine diktsamlingar, romanar og barnebøker. Bjugn plasserer seg sjølv ein stad mellom Dorothe Engelbretsdatter og Kate Bush. «Eg er eit spennande par!» utbryt ho i eit dikt. Det har knapt kome ei bok frå Bjugn si hand som ikkje er eigenarta, ja beintfram avstikkande. Ho har laga eit titals barne- og biletbøker, ofte saman med spennande biletkunstnarar. Dei er like uhøgtidelege og leikne som vaksenbøkene, som mellom mykje anna inneheld kriminaldikt, rompoesi og ei samling katolske dikt. Ikkje berre er ho første poet i verdsrommet, i diktet Pave Julian dør – Eit skrekkdikt framstiller forfattaren seg som La Mama, den første kvinnelege paven. Og det dristige diktet Heltinnetrinnet har gjort Bjugn til noko nær ei litterær heltinne. Sissel Solbjørg Bjugn fekk i 1985 Nynorsk barnelitteraturpris for Handa i buret. I 1989 fekk ho Blixprisen, mens ho i 1992 fekk Brageprisen for Jente i bitar. I 1993 fekk ho Melsomprisen for diktsamlinga Tornekysset. Bjugn er frå Setermoen i Bardu.

Ratings & Reviews

What do you think?
Rate this book

Friends & Following

Create a free account to discover what your friends think of this book!

Community Reviews

5 stars
1 (33%)
4 stars
1 (33%)
3 stars
1 (33%)
2 stars
0 (0%)
1 star
0 (0%)
No one has reviewed this book yet.

Can't find what you're looking for?

Get help and learn more about the design.